Fritak for eigedomsskatt

Husk å fornye søknaden om fritak for eigedomskatt før du sender opp rakettene.

Kommunestyret vedtek fritak for eigedomsskatt etter eiendomsskatteloven sin § 7a og b. Dette fritaket blir innvilga for eitt år av gangen og i samsvar til dei retningsliner lova gjev.

Kommunestyret kan fritaka desse eigedomane heilt eller delvis for eigedomsskatt:
a) Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten.
b) Bygning som har historisk verde.

Søknad om fritak for eigedomsskatt etter § 7 vert handsama kvart år av Vestnes kommunestyre. Fritak vert berre gjeve for eitt år om gongen.

Lag, foreningar, stiftingar og andre som fekk fritak etter § 7a og b for skatteåret 2017, treng ikkje å søke for skatteåret 2018.

Søknad om fritak etter § 7 a og b, for nye eigedommar, vert å sende Vestnes kommune, Rådhuset v/Eigedomsskattekontoret, 6390 Vestnes eller e-post: eigedomsskatt@vestnes.kommune.no innan 31.12.2017. 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.