Førehandsinnkreving bombengar Molde – Vestnes

Saksprotokoll i Formannskapet – 09.05.2016 Vedtak: Formannskapet legg saka fram for kommunestyret med slik innstilling: Vestnes kommunestyre ønkjer ikkje at Statens vegvesen utgreiier mulegheitene for, og konsekvensar av, forskottsinnkreving av bompengar på ferjesambanda Molde – Vestnes og Mordalsvågen – Solholmen.

Avrøysting: Framlegg til vedtak framsett i møtet fekk 4 røyster for og 3 røyster mot: 4 røyster for: Anne Marie Fiksdal (Frp), Martin Kjøpstad (V),  Randi Bergundhaugen (H) og  Aud Marie Bergdal (Ap) 3 røyster mot: Geir Inge Lien (Sp), Karsten Gjerde (Krf) og Hilde Legernes (Sp) (Les protokollen her …)

 

Saksprotokoll i Kommunestyret – 19.05.2016 Vedtak: Vestnes kommunestyre ber Statens vegvesen om å utgreie mulegheitene for, og konsekvensar av, forskottsinnkreving av bompengar på ferjesambanda Molde – Vestnes og Mordalsvågen – Solholmen. Inntekta skal finansiere planlegging og prosjektering av ny E39 Vik – Julbøen.

Avrøysting: Framlegg til vedtak framsett i møte av Senterpartiet fekk 18 røyster  Innstillinga frå formannskapet fekk 5 røyster (Les protokollen her … )


Kva vil det seie «… å utgreie mogelegheitene for, og konsekvensar av, forskottsinnkreving av bompengar på ferjesambanda Molde – Vestnes og Mordalsvågen – Solholmen»? Ligg det her ein skjult konklusjon om at innkrevjinga berre kan starte uansett resultatet av utgreiinga? Skal ikkje Vestnes kommunestyre gjere eit endeleg vedtak om at dei støttar innkrevjinga først?

Og so til slutt; Kvifor brukast dette mot Møreaksen og for Romsdalsaksen(Sekkfast) i sosiale media? Er ikkje ei førehandsinnkrevjing noko som vil skje uansett alternativ til fjordkryssing som vert vald?

Les meir om saka på RBnett.no

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.