Ikkje valkamputspel, men sosialistiske prioriteringar!

Sitat frå Vestnes SP sitt innlegg i VestnesAvisa 14.1.15; Vestnes kommune fekk ikkje,- slik vanleg er, redusert arbeidsgjevaravgift for kommunal sektor.

Dette er jo ein direkte feil framstilling av saka frå Vestnes SP si side. Vestnes kommune HAR fått redusert arbeidsgjevaravgift. Det var gevinsten med lågare sats som ikkje vart verande i kommunen. I og med at vi her snakkar om ein ikkje utbetalt gevinst utgjer ikkje dette noko som helst tap i kommuneøkonomien utover det at ein har akkurat like mykje å rutte med som før. Les meir om korleis midlane vart brukt, og kva det førte til her; http://tresfjording.no/wordpress/sjokkbolgene-i-vestnes-kommune/

Men det som uroar meg mest, er at resultatet av budsjettvedtaket ikkje gagnar dei som kommunen er satt til å syte for. Det er i alle fall bortanfor all tvil at ei auke i eigedomsskatten vil redusere denne uheldige verknaden, medan bruk av pengar ein ikkje har i handa, verken vil redde kommuneøkonomien eller sikre noko betre kvalitet og kvantitet på tenesteytinga.

Det er den «Auka Rammeoverføringa» som vart satt til 2 400 000 kroner, eg siktar til her. Pengar ingen i kommunen den 18.12.14 hadde noko peiling på om dei ville bli overførde eller ikkje. Som nemnt i eit tidlegare innlegg her, vart ikkje gevinsten ved redusert arbeidstakaravgift utbetalt, men likevel førd inn i økonomiplana, og no ser det ut til at kommunestyret forsøker å dekkje over det sjølvpåførte «tapet» på 13,5 millionar ved hjelp av nye tvilsame ikkje eksisterande midlar. Spesielt gjeld dette no då skatteinngangen til kommunane er på veg ned.

Eg tvilar på om det å ta 2 millionar frå dei sjuke og gamle, medan ein blant anna vedtek å bruke hundretusenvis på gangveg frå Vikebukt til Åsane og støtte til eit privat bokprosjekt, ikkje vil ha ein negativ verknad på dei som er avhengige av tenester frå kommunen.

Eg står saman med alle som vil innbyggjarane vel. Eg vil stå saman med alle som innafor dei rammer kommunen har fått utdelt, heile tida prioriterer dei gamle, sjuke og unge.

Sjølv med den årlege nedskjeringa av overføringane frå staten, og der prognosane dei kommande åra tyder på endå lågare skatteinngang, må kommuneleiinga til ein kvar tid ha godt grep på dei økonomiske transaksjonane, og ikkje minst er klår på prioriteringa i det kommunale budsjettet.

I dei neste fire åra, skal vi gjennom store endringar, og då nyttar det ikkje å gamble på «Auka Overføringar», men rette forbruk etter lommebok. Vi skal først og fremst ta oss av dei sjuke, gamle og unge, medan vi skal unngå ROBEK-lista, samstundes som vi er inne i ein kommunesamanslåingsprosess.

Om eg kunne det, ville eg introdusera noko som kan sjå ut som eit nytt omgrep i kommuneøkonomien; Kostnadsstyring … Fyst dei gamle, sjuke og unge, før ein kan tenke på gangvegar langt ut i skogen til ein nedlagd kiosk.