Klyngene der folk bur og arbeidar

Eg skriv dette på nynorsk slik at Frank Sve lettare kan skjøna kva eg vil fram til. Om han høyrer på den øyra då. Det er ikkje sikkert at han les dette heller.

Jau, Vestlendingen er gnien. Det er det vel lita tvil om. Han grev til seg. Han er utstyrt med ein stor sans for verdiar, og liten sans for felles godar. Til dømes om ein veg skal byggjast, og jamvel om han har fordel av vegen, eller ikkje, so skal i alle fall ingen andre ha nokon fordel heller. Vestlendingane har alltid sote på kvar sin fjørstein og kjempa for seg sjølv.

Eg har delteke på ein mengd møte og seminar der temaet har vore nye vegar over fjordane våre og kommunesamanslåing. Kven har delteke utanom meg? Jau, gamle gråhåra karar som eg, som sit i posisjonar til å kunne seie nok glupt om framtida. Somme tider gjer dei au nett det.

Tida der ei bygd kunne leve av hovudvegen som gjekk gjennom bygda er definitivt over. Vil bygda overleve, må ho aktivt gå inn for å marknadsføre seg. Verda er vorte mindre. Mykje mindre. I dag er ein to mils tur til kjøpsentra vorte ei snartur berre. For femti år sidan var det en stor tur man vaska seg grundig før ein tok ut på.

I rett gamle dage, vart vegane, eller rettare sagt, stiane til når folk gjekk husimellom. Så kom hestevogna, og stiane vart til vegar. Jamvel grusvegar. Men den gjekk frå husnov til husnov, like eins som den alltid har gjort. Sidan kom bilen. Køyretøya trengde ein jamnare veg, når ikkje ein hadde eit levande dyr mellom seg og vegen. Dei gamle stiane mellom husa vart no asfaltert. Menneskja klumpa seg saman i byggefelt og stadig større byar, men vegane gjekk framleis mellom husnovene. Frå heimen, til jobben, til butikken og ein og anna turen til lækjaren.

Det kjem idear om stadig større ferdselsårar med stadig større fart, til eit samfunn i eksplosiv utvikling. Og like eins som for tusen år sidan, må vegen også i dag gå innom klynga med folk. Innom jobbane, heimane og butikkane. Bilane rasar i hundredeogti forbi den gamle forfalne dassen der bestefar sat lenge om kveldane med ei lommelykt, og las Vangsgutane. Klynga med butikkar og arbeidsplassar treng gods. Og det fort.

Difor må den ferjefrie vegen gjennom fylket her gå innom jobbane våre. Ikkje utom.


Publisert

i

av