O’ Heilage Natt

Tekst: Placide Cappeau / Minister John Sullivan Dwight
Norsk tekst av Øyvind A. F. Granberg
Tresfjord, desember 2021

Heilage natt, der stjerner lyser klåre
Ja, det er natta då Frelsaren vart født
Verda var dømd til mørketid og tårer
Heilt til Han kom og Han høyrde vår bøn
Eit håp av fryd og verda song hans ære
Og over stall ein heilag morgon steig
Fall ned på kne, og høyr englesongen
O’ Heilage natt, då Frelsaren vart født
O’ Heilage natt, då Frelsaren vart født

I tru og von vår veklage Han høyrde
Vår hjartas glød leia fram til krubbas barn
Stjerna ho lyste og klåre strålar førte
Dei vise menn ifrå Østens fjerne land
Og Kongen av kongar, sveipa i ei krubbe
I freisting og skugge vart han vegens lys
Han veit vår naud, og Han veit vår byrde
Så ære din Herre, og bøy deg i Hans glans
Så ære din Herre, og bøy deg i Hans glans

Hans bodskap er å elske sin neste
Kjærleiken er hans lov og testament
Han bryter lenker, og slavane vert frelste
Og i hans namn, all trældom er gløymt
I gledas hymner og takkens kor vi synger
Lat oss prise Hans heilage namn
Pris Jesus Kristus, og pris Ham i gagn
Hans herlegdom og makt er her til evig tid
Hans herlegdom og makt er her til evig tid

2023 fredag 03 februar 22:02:30
Copyright beskyttet