Fritak for eigedomsskatt
Husk å fornye søknaden om fritak for eigedomskatt før du sender opp rakettene.
Kommunestyret vedtek fritak for eigedomsskatt etter eiendomsskatteloven sin § 7a og b. Dette fritaket blir innvilga for eitt år av gangen og i samsvar til dei retningsliner lova gjev.
a) Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten.
b) Bygning som har historisk verde.
Søknad om fritak for eigedomsskatt etter § 7 vert handsama kvart år av Vestnes kommunestyre. Fritak vert berre gjeve for eitt år om gongen.
Lag, foreningar, stiftingar og andre som fekk fritak etter § 7a og b for skatteåret 2017, treng ikkje å søke for skatteåret 2018.
Søknad om fritak etter § 7 a og b, for nye eigedommar, vert å sende Vestnes kommune, Rådhuset v/Eigedomsskattekontoret, 6390 Vestnes eller e-post: eigedomsskatt@vestnes.kommune.no innan 31.12.2017.